tirsdag 1. mars 2011

OPPLÆRING I GOOGLE DOKUMENT OG BLOGG

Læringsprosess
Eg hadde 4 timar opplæring i bruk av Google dokument og blogg. For meg som ikkje hadde brukt desse verktøya tidlegare, blei det ein hektisk og til dels kaotisk dag. Oppgåva vi skulle løyse før neste samling, var eit 
undervisningsopplegg i Google dokument. Når eg kom heim, så var det bare å sette i gang å sende gmail og dele dokumenter med dei andre i mi gruppe før eg glømde alt vi hadde vert gjennom på kursdagen. Vi var samde om at vi måtte lære oss Goggle dokument før vi starta arbeidet med 1. arbeidskrav. Det blei mykje prøving og feiling, men det var nyttig å bli godt kjent med google dokument før vi tok til på oppgåva. Eg har lært meg å arbeide i dei forskjellige Google dokumenta, ser kva og kor tid dei med fordel kan nyttast på ein god pedagogisk måte. Eg ser også kor viktig det er å god struktur på Google docs med mapper og logiske namn. Blogg jobba med før eg no skal levere inn oppgåva, så kjem denne bloggen på trykk, så kan eg det også.  Er det noko eg kunne tenkt meg endra, så måtte det vere at kurset blei utvida med fleire kursdagar for å gi rom for meir øving.